GODHUD
0,-
Lukk
Handlekurven er tom
Stort utvalg økologisk, probiotisk, vegansk hudpleie, makeup, cellenæring for optimal helse.

Babysalve

259,-
Antall:
  • Er du usikker på hva du skal velge, ta kontakt! 20 års erfaring som hudpleier!

Babysalve frå Vossabia er ein 100% naturleg og pleiande salve for den sarte babystumpen 👼 Smør på rein hud etter kvart bleieskift for å beskytte og mjuke opp huden. Med bivoks, øko. tistel- og jojobaolje som gir god pleie til huden, og lanolin som nøytraliserer ammoniakk og førebygger og lindre bleieutslett og sår stump.

Detaljar

Ingredients: 
Carthamus Tinctorius Seed Oil, Lanolin, Simmondsia Chinensis Seed Oil, Beeswax, Lavandula Angustifolia Flower Oil, Tocopherol, Helianthus Annuus Seed Oil, Brassica Napus Seed Oil, Zea Mays Oil, Beta-Carotene, Linalool, Limonene, Geraniol.


INNEHELD PÅ NORSK: 
øko. tistelolje, lanolin (ullfeitt), bivoks, øko. jojobaolje, naturleg e-vitamin, øko lavendelolje.

TESTING: 
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider. 

HALDBARHEIT: 
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år 

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Brukartips

Smør på rein hud etter kvart bleieskift, og opplev den gode førebyggande effekten også. Babysalven er dryg i bruk, så det er lite du treng om gongen. 
Smør heile området foran og bak.

Tips: Babysalven er også fin å massere barnet med når du har ekstra tid under stellestunda. Bruk den også på tørre flekkar og utslett, så kan det godt vere den bidreg der og 🌼

Ekstratips 🐝 
Diare kan gje veldig sår hud som svir mykje. Smør ekstra og hyppig i slike perioder, også etter bleieperioden, så vil forhåpentlegvis barnet oppleve rask lindring av svie og sårhet.

Kommentarer

Trykk ENTER for å søke