GODHUD
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Stort utvalg økologisk, probiotisk, vegansk hudpleie, makeup, kosttilskudd.

Kroppsskrubb krydra

436,-
Antall:
  • Er du usikker på hva du skal velge, ta kontakt! 20 års erfaring som hudpleier!

Denne skrubben er ei sanseoppleving for krydderelskaren. Den stimulerande aromaen frå økologiske krydder som kanel, muskat, ingefær, kardemomme og nellik heng i lenge etter at skrubben er skylt av. Ein skrubb som passar godt for både damer og menn, unge og gamle (dotter Ylva sin favoritt 💗) Den renser huden effektivt, etterlet huden deilig og særs mjuk, og gir og tek vare på fuktighet. 

Basert på gode økologiske planteoljer, honning frå eigne bier, fantastiske økologiske krydder (utruleg bra for huden) og ikkje minst økologisk rårørsukker som peeler og tilfører mange fordelar for huden! Med stort innhald av glykolsyre kan rårørsukker skånsamt få bort døde hudceller og bane veg for at sunnare og meir glødande hud får kome til overflata. Rårørsukker stimulerer kollagen ved hjelp av glykolsyra (AHA) og kan dermed bidra til å redusere linjer, rynker, og ru hud.

Detaljar

INNEHELD: 
øko rårørsukker, øko honning (får eigen bigard), øko mandelolje, øko solsikkeolje, øko krydder: kanel, kardemomme, muskat, ingefær, nellik, eterisk øko. kardemommeolje.

TESTING: 
Ikkje testa på dyr. Vossabias produkt er på Dyrevernalliansen sine grøne sider.  

HALDBARHEIT: 
minimum 1 år, oftast 2-2,5 år 

OPPBEVARING:
romtemperatur er bra, men ikkje plasser i sterk sol. Då harsknar produktet raskare.

KVALITET:
100% naturleg, rein, med økologiske ingrediensar så langt som mogleg, samt ville vekstar handplukka frå garden. Resepter utvikla av Renate, med heilskapleg langsiktig helse som grunnverdi, og basert på urtekunnskap og nøye utvalde planteingrediensar.

Brukartips

Gjenskap naturens magi på ditt eige baderom. Sett av tid til deg sjølv (eller ta ein kjapp skrubb og opplev raskt auka blodsirkulasjon, nydeleg aroma og mjuk hud) og gje kroppen og huden ein buffét av fantastiske økologiske krydder blanda i vår eigen honning og herleg skrubbande økologisk rårørsukker. Det blir det superdigg heimespa av.

Kommentarer

Trykk ENTER for å søke