GODHUD
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Stort utvalg økologisk, probiotisk, vegansk hudpleie, makeup, kosttilskudd.

Augebalsam 30 ml

479,-
Antall:
  • Er du usikker på hva du skal velge, ta kontakt! 20 års erfaring som hudpleier!

Ein herleg pleiande augekrem som du får i både 15 og 30 ml. Den er super ved hovne auge og blant anna ved sår hud. Augebalsam frå Vossabia er også ein effektiv og næringsrik nattkrem for heile ansiktet og halsen. Tistelolje og hampolje tilfører huden dei essensielle omega 3- og 6-fettsyrene, som er viktig for hudens vitalitet. Hamp gir synlege resultat alt etter kortvarig bruk, blant anna pga at fettkomponentane gir direkte næring til hudcellene, samtidig med at den fører effektive stoff med seg inn i huden, som GLA og essensielle fettsyrer. Desse regenerer huden og bygger opp hudens naturlege immunforsvar, og hamp etterlet i tillegg huden silkemjuk.

Arnikatinktur motvirkar hevelsar under augene, medan granatepleolje minskar dei fine linjene i området og har dokumentert effekt mot danning av rynker. Dette er pga det høge innhaldet av antioksidantar. Samansettinga av ingrediensar er mild på huden, og tilfører næringsstoff som er avgjerande for å motvirke for tidleg aldring av huden. Smør på rein hud om kvelden.Nokre tilbakemeldingar frå kundar gjennom 10 år: - raudheit i huda rundt augene borte- motverkar og betrar hovne, posete auge- pigmentflekkar har blitt mindre/borte- god på eksem rundt augene- lindrar såre auge og fungerer godt i forhold til rennande auge og intolerant hud- linjer og rynker blir mindre (også andre stader enn rundt augene, for eks mellom brystene).

innhald: bivoks, øko. tistelolje, øko. hampolje, øko. granatepleolje, squalane, arnikatinktur, naturleg e-vitamin

Kommentarer

Trykk ENTER for å søke